Overlege Pediatri Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal H

Dette job er udløbet

krs by 1170 300

Vi søkjer etter vaktkompetent barnelege, for 100% fast stilling med oppstart frå snarast, eller etter avtale!

Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i april 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år. I Kristiansund vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.

Den som vert tilsett må rekne med endring i fast arbeidsstad ved innflytting i SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar i Kristiansund. Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil bli inkludert i eit godt arbeidsmiljø!

Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten. Vi kan og friste med eit rikt kulturliv!
Les meir om Kristiansund, Romsdal og Nordmøre her!

Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – Du er velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Generell pediatri i sengepost og poliklinikk med vaktarbeid på sengepost

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
  • God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Den rette kandidaten må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Vere sjølvstendig, fleksibel og ha evne til å kunne ta ansvar
  • Vere motivert for fagleg utvikling

Personlege egenskaper blir vektlagd ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon
Siv Helen Kristoffersen
Seksjonsleiar
Telefon: +47 71121558
E-post: Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no

Bente Askestad
Seksjonsoverlege
Telefon: +47 71121590
E-post: Bente.Askestad@helse-mr.no

Søknadsfrist: 29.02.2024
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Stad: Kristiansund
Stillingstittel: Overlege Pediatri
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4734436193

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal